Nye medievanar

No image

Barn og unge har endra medievanane sine dei siste åra. Dei bruker medium aktivt og flyttar seg mellom ulike digitale plattformer: visuelt, verbalt, interaktivt – og ofte på engelsk.

AV ERLEND LØNNUM

Undersøkinga Mediebarn 2018 ved Kantar TNS viser at barn møter mindre norsk på dei nye medieflatene enn i tradisjonelle mediekanalar. Norsk er dominerande når barn ser TV-program, anten det skjer lineært, via opptak eller strøyming. Men når dei ser korte videosnuttar på YouTube og liknande tenester, dominerer engelsk.

Også i dataspel blir det brukt mykje engelsk. Om lag førti prosent av norske barn ser korte videosnuttar dagleg, medan om lag tretti prosent bruker tid på spel dagleg. Reknar ein inn nedgangen i lineær TV-sjåing, som har vore dominert av norskspråkleg innhald, ligg det difor nær å konkludere med at barn samla sett blir eksponerte for mindre innhald på norsk enn tidlegare. 

Strøyming populært

Speling på data og ulike konsollar har tradisjonelt vore eit felt dominert av unge brukarar. Det er gutar som bruker mest tid på spel, signifikant meir enn jamaldra jenter.

Samstundes føretrekkjer unge nordmenn videotenesta YouTube når dei skal sjå levande bilete. Også her bruker gutar meir tid enn det jenter gjer. Ei anna viktig endring er framveksten av strøymetenester som Netflix og HBO. Norske barn bruker i dag meir tid på å sjå strøyma innhald og TV i opptak enn dei bruker på tradisjonell lineær-TV, og frå 2017 har den daglege bruken av lineær-TV gått kraftig ned, samstundes som bruken av TV i opptak og strøyming veks.

Den tradisjonelle, lineære TV-sjåinga er eit svært viktig domene for norsk språk, med tunge aktørar som NRK og TV2. For å oppretthalde den sterke posisjonen til norsk språk ser det ut til å bli avgjerande at desse aktørane lukkast med overgangen frå lineær TV til strøyming og TV i opptak.

Rapport frå framtidsutvalet

VR-brille

Unge mediebrukarar er eit av mange tema i ein rapport frå framtidsutvalet, som blei oppnemnt av Språkrådet i fjor haust. I rapporten, som blir ferdig i november, drøftar medlemmene i utvalet dei viktigaste tiltaka for å sikre at norsk språk er i bruk på alle samfunnsområde i framtida:

Har det skjedd endringar i samfunnet vårt dei siste ti åra som fører til at ein bør oppdatere og justere verkemidla i språkpolitikken? Korleis ser situasjonen ut for norsk språk dei neste ti åra – og kanskje enda lenger fram?

Når det gjeld medievanar, ser utvalet òg nærare på tema som norsk mediespråk i ein internasjonal mediekvardag, ny språkteknologi og nasjonale og nordiske utfordringar.

Seminar om barn og medium

Mediebruken til unge menneske var òg tema for seminaret «Barn og medium. Historieforteljing og medverknad på ulike plattformer», som Språkrådet og Norsk barnebokinstitutt arrangerte i september. Kva for moglegheiter finst for aktørar som vil formidle gode historier til barn og unge?

På seminaret diskuterte representantar frå kultursektoren kva dei nye medievanane har å seie for språkbruken, teknologiutviklinga og verkemidla i språkpolitikken. Dei blei mellom anna utfordra til å seie meininga si om kva for politikk Noreg bør føre for å sikre god kvalitet i det norskspråklege kultur- og medietilbodet til barn og unge.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2018 | Oppdatert:27.01.2021