«Vi må sikre bruk av norsk i samfunnet»

Det meiner i alle fall dei aller fleste. Språkrådet har kartlagt kva folk synest om norsk språk og språkmangfald.

På oppdrag frå Språkrådet har Opinion undersøkt kva nordmenn meiner og veit om norsk språk og språkmangfald.

Oppfatningar om språk

Her er nokre av påstandane respondentane skulle seie seg samde eller usamde i («korkje eller»- og «veit ikkje»-svara er utelatne):

Påstand Samd Usamd
Det er viktig at norsk språk står sterkt. 89 % 2 %
Det er viktig å sikre at norsk blir brukt i størst mogleg grad i samfunnet. 85 % 4 %
Eg synest engelsk blir brukt i for mange situasjonar der norsk ville fungert like godt. 55 % 21 %
Eg opplever at det er greitt å bruke målforma mi (dvs. bokmål eller nynorsk) i kontakt med det offentlege. 92 % 3 %
Eg får svar i målforma mi (dvs. bokmål eller nynorsk) frå staten. 82 % 4 %
Skriftleg informasjon frå det offentlege er ofte vanskeleg å forstå. 47 % 29 %
I familien min bruker vi meir enn eitt språk. 22 % 70 %
Stadnamn er kulturminne som det er viktig å bevare. 85 % 2 %

Kunnskap om offisielle språk i Noreg

Av desse språka, kva for språk trur du er offisielle i Noreg?
samisk 93 %
norsk teiknspråk 65 %
kvensk 24 %
romani 5 %
anna 2 %

FASIT: Alle er offisielle, i tillegg til romanes.

Kunnskap om teiknspråk

Påstand Samd Usamd
Teiknspråk er førstespråket eller morsmålet til mange døve. 75 % [riktig] 7 %
Det finst mange forskjellige teiknspråk i verda. 63 % [riktig] 11 %
Norsk teiknspråk er eit offisielt språk i Noreg. 60 % [riktig] 12 %
Norsk teiknspråk er eit internasjonalt språk. 24 % 43 % [riktig]

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2020 | Oppdatert:25.01.2021